The Shoulder Pads er Maren Kvamme Hagen (gitar), Eline Kvamme Hagen (trommer og vokal) og Anders Roald Kvamme (bass). Eit post punk/rockeband som er basert i Oslo og består av to systre og fetteren deira. Gitar, bass, trommer og vokal, så enkelt som det! Namnet er tatt frå ein låt av bandet The Fall. Vi lever ganske vanlege ni til fire-liv som vi tidvis kjedar oss i og skriv låtar om. 22.02.2022 slapp vi låtane “Time” og “Outro”, og vi spelar i vår konsertar på Uhørt, Mir og Enga pub.