Loading…
Attending this event?
Back To Schedule
Saturday, June 4 • 23:30 - 00:00
clowder

Sign up or log in to save this to your schedule, view media, leave feedback and see who's attending!

Clowder er ein fersk duo beståande av multi-instrumentalistene Håkon Brunborg og Astrid Garmo som nyttar instrument som hardingfeler, trekkspel, gitarar og synther. Saman lager dei intuitiv og atmosfærisk kammerpop med enkle, fengende melodier, innslag av folkemusikalsk ornamentikk, samt ein særeigen DIY-mentalitet. Med ein impulsiv og improvisatorisk tilnærming skriv dei låtar som både kan vere nære, støyete og alt i mellom. Med lange, instrumentale strekk og tunge rytmer kan ein trekkje linjer til band som Godspeed you! Black Emperor, Alex G, Chris Cohen og My Bloody Valentine.
Duoen presenterer eit fleirfassetert og teksturrikt uttrykk, der dei har utsprang frå vidt forskjellige musikalske bakgrunnar, høvevis folkemusikk og alternativ popmusikk. Dei møttes gjennom ein felles fascinasjon for alternativ undergrunnsmusikk samt musikk frå den Amerikanske DIY-scenen, og lar seg inspirere av den. I livesamanheng har dei med seg Ingvald Vassbø (Juno, Kaanan) på trommer og Leon Røsten (Leon Røsten Odyssey) på synther. I februar spelte bandet inn sin debut-EP som kjem i løpet av 2022.






Saturday June 4, 2022 23:30 - 00:00 CEST
Salt

Attendees (2)